På krigsstien...

I går hadde eg store planar om å drikke juice heile dagen, men pysete som eg er så blei juice dagen plutselig grønnsakssuppe dag.  Det er nok lett å tru at det var sulten som overtok, men det var det faktisk ikkje. Det var ein møll ! Ein svær, ekkel, hårete og innpåsliten møll som hadde tatt bolig i oppvasken min.



Eg vurderte ganske lenge om eg kunne klare meg uten mat. Da kunne den møllen berre budd på kjøkkenet mitt og eg kunne budd i stova, men konklusjonen blei at eg måtte ta tilbake herredømme over kjøkkenet. Eg prøvde først å snakke fint til den og be han flytte seg. Det hjalp ikkje. Så spraya eg med Jif-spray rundt han for å prøve å bedøve han. Planen var at viss han blei bedøvd kunne eg bære han ut i ei pølseklype. Han blei ikkje bedøvd sjølv om eg brukte store mengdar. Eg hadde så plan på å støvsuge han og sette støvsugaren på verandaen, men det blei litt dumt for eg trengte egentlig støvsugaren seinare på dagen så da prøvde eg rådet Bent gav meg: å spyle han !

Eg satte på vatnet med grillklypa og styrte strålen sakte , men bestemt mot møllen. Strålen traff og møllen satt like godt. Han satt berre der i vatnspruten og koste seg. Noko som kjentes ut som ein evighet ( les: fire sekund) etterpå flytta han på seg og eg fikk panikk. Eg tok med meg grillklypa og rømte til stova. Der sto eg å hoppa opp og ned. (Hopping psyker heilt sikkert ut møll. )

 Ein del hopping og pusting etterpå tok eg mot til meg å gikk inn igjen på kjøkkenet. Eg fant ikkje møllen nokon plass og tru meg, det gav meg enda meir panikk.  Det betydde at han når som helst fra ukjent plass kunne angripe meg med sin 5 centimeter store kropp. Eg snudde rundt på alt på kjøkkenet og blei ein blanding av letta og stressa når eg endelig fant han. 



Eg var faktisk ganske fornøgd med meg sjølv når eg klarte å fange han.  

Med hjelp av ein steikespade og grillklypa klarte eg å bære han ut på verandaen. 

Eg hadde no tatt tilbake herredømme over kjøkkenet ! 


Etter litt om og men tok eg mot til meg å fjerna muggen så han kunne fly fritt ut i verden igjen. Det gjorde han selvfølgelig ikkje. Han satt berre der på juice-sentrifuga mi. Han hadde no tatt herredømme over verandaen og juice-maskinen min.

Han satt faktisk der ute i heile går. Til slutt døypte eg han Truls.

I dag tidlig når eg våkna var Truls vekke. Eg har fått tilbake juice-maskinen min og han er forhåpentligvis langt inni ein skog ein plass. 

Farewell, so long, hope we never meet again Truls !

Klem Miriam ♥

#sommer #insekt #snapchat 

The best things in life are free....



"Mange små mennesker på mange små steder som gjør mange små ting, kan forandre verden"

 

Klem Miriam ♥

 

 

(Bildet er lånt fra Google og sitatet er eit afrikansk ordtak med ukjent opprinnelse) 

Lykke på ein søndag er.....

...å ha alle ingrediensane til å lage sushi på kjøkkenet uplanlagt.





Kva er lykke for deg i dag ? 

Klem Miriam ♥

 

 

#sushi #søndag #mat #lykke #foto

Hjertesky <3

I dag har me traska Bergen by rundt og rundt. Det er The tall ships races i Bergen i helga og byen var full av seglskuter, mennesker og gateartistar ( alt av ymse kvalitet). Det første eg møtte i Bergen i dag var ein vegg full av sko, at eg aldri har lagt merke til den fatter eg ikkje. Gatekunst er det ivertfall.

 

Heile vågen var full av seglskuter av forskjellig størrelse. Nokon imponerande store og andre mindre, men like fine fordi altså .










Det var mange gateartistar som hadde funne vegen til Bergen denne helga. Det var alt fra ein som sjonglerte med motorsag, ein som unnslapp både tvangstrøye og kjetting på eigenhånd, einmannsorkester og mange flinke musikantar.





Gatekunst ♥



Det er viktig med pause i skyggen og is innimellom traskingen.



Me tok oss og ein tur på Fløyen i dag. Der var det ein herlig sval bris som berre gjorde godt i varmen. 

Her ser du vågen fra Fløyen.



No er eg heime og har lagt beina høgt. Eg har sett igjennom bildene eg har tatt og jammen fikk eg meg ein overraskelse når eg såg på bildene.

Ser du hjerteskyen over oss ?? ♥ ♥

Eg håper alle har hatt ein minst like fin dag som meg ! :-) 

Klem Miriam :-) 

 

#Bergen #sommer #foto 

 

Første måltid på tre dager !

Da var dag tre av juice-detox over for denne gang. I dag kan eg begynne å ete igjen, men det var faktisk ikkje mat som var det første eg kasta meg over, det var kaffi !!! :-) Det var som himmelen i ein kopp å endelig få sippe til ein varm kopp kaffi og sakte men sikkert våkne til liv. Etter TO kopper kaffi åpna eg kjøleskapet for å finne noko eg hadde lyst på til frokost og eg havna på fruktsalat. Det var friskt, herlig og ein perfekt start på etingen igjen etter tre dager uten fast føde. Det store glasset med frukt inneholder ein plass mellom 200-250 kalorier ( eg vegde ikkje frukten) og det metta veldig. 



Eg føler meg uten tvil ganske bra og eg skal definitivt utføre fleire tre dagers detoxer. I dag skal eg til byen og sjå på folkelivet. Det er The tall ships races i byen og garantert mykje kjekt å sjå på.

Kva skal du i dag ?? 

Håper alle har ein fin dag !

Klem Miriam :-) 

 

#detox #kosthold#sommer

Juice-detox dag 3 !

Da er dag tre snart over og eg er overraska over kor bra det har gått.  Ikkje har eg vore ekstremt sulten, ikkje har eg vore slapp og ikkje har eg vore sur eller gretten ( trur eg ) ;-) . Dag 1 var litt utfordrande da eg hadde veldig skallebank, men den gav seg utpå dag 2 og etter det har det gått veldig bra.  



Det eg gleder meg mest til i morgon er morgenkaffien min. Det er ikkje heilt det samme å ta ein shot med ingefær og eple på styrten som å sette seg ned med ein stor kopp varm kaffi, men tre dagar uten har gått veldig fint. Mulig eg hadde stritta  i mot hadde eg blitt bedt om å bytte ut kaffien min for evig og alltid. 

I løpet av disse tre dagane har eg drukke ein god del sitron-vatn, bringebær-vatn og detox te.  Det er viktig å drikke mykje så ein ikkje blir dehydrert og spesielt i denne varmen som har vore disse dagane. Detox-te er lurt å drikke på dagtid, ellers kan ein ende opp med å bruke natta på å springe på do. 



Eg har drukke veldig mykje grønne juicar og veldig lite av reine fruktjuicar. Eg har drukke ein rein fruktjuice om dagen som snacks for rett og slett ikkje å gå lei ved å kun drikke ting som kun smakar ok. Juice-oppskriftene mine har eg triksa og miksa litt med for å komme fram til noko som smakar ok, eg kjem til å legge ut litt oppskrifter etterkvart som eg lagar noko som smakar godt. Eg har henta inspirasjon fra  rebootwithjoe.com. Der står det mykje om juice, detox og motivasjon til å fullføre ein juice-detox.  Det er ikkje fullt så farlig korleis næringsinnholdet blir på juicen din når ein kun detoxer i tre dager, skal ein detoxe i lengre tid derimot er det viktig å tilføre kroppen ein god blanding av alle vitaminer og mineraler.



Når det kjem til om juice-detox har gitt meg meir energi, reinare hud, flottare hår, bedre immunforsvar eller godt humør så er det vanskelig å svare på i dag. Eg skal komme med ein oppsummering når det har gått eit par dagar. Det eg kan sei i dag på dag tre er at eg føler meg ganske bra, eg har ivertfall ikkje mindre energi enn før og eg er i overraskande godt humør. 

Viss du lurer på noko så spør så skal eg svare så godt eg kan !

Håper alle har hatt ein fin dag i varmen !

Klem Miriam :-) 

 

#detox #helse #juice #kosthold #sommer

Juice-detox dag 2 !

Da er dag 2 av juice-detoxen min snart over. Det går faktisk mykje bedre enn forventa og i dag har eg ikkje hatt like mykje skallebank som i går, hurra for det !! Eg starta dagen litt voldsomt trur eg med å gå tur med hunden før eg hadde fått i meg dagens frokost-juice. Eg blei ganske svimmel ei stund, men det kom seg når eg fikk i meg juice. 

Eg forventa når eg starta på denne juice-fasten at eg kom til å få mindre energi og føle meg rimelig tiltakslaus sidan eg ikkje inntar mat, men det går faktisk veldig bra. Energien er som vanlig og eg føler meg bedre enn i går så da er det jo håp for at eg hadde den aller værste dagen i går og at det no berre går oppover.

Det eg synes er mest utfordrende er at eg ikkje har lov å ete noko som helst, det føles feil å ikkje ein gang få lov til å tygge litt brokkoli eller ei gulrot. Heldigvis er det berre morgondagen igjen før eg kan ete noko igjen. Eg gleder meg faktisk (tru det eller ei) til å ete den vanlige salat lunsjen min . 



Snacksen min i dag var ananas-juice. Det var snadder og noko eg absolutt anbefala til alle, både store og små. Ellers har det gått mykje i grønne juicar med spinat, brokkoli, blomkål, grønne epler og  sitron. Det seies at ein skal "drikke regnbogen i frukt og grønt " kvar dag så til kvelds må det bli noko med bringebær.

Håper alle har hatt ein kjempe fin dag i varmen !

Klem Miriam :-) 

Ps:

viss du lurer på kvifor eg går på juice-detox kan du lese det HER !

#detox #juice #kosthold #helse 

Juice-detox dag 1.

Dagen starta veldig bra forutenom at eg selvfølgelig savna morgen kaffien min. Den bytta eg ut med ein energi-shot som består av eit grønt eple, ein kvart lime og ein bit ingefær. Eg brukte ein bit på størrelse med første ledd på tommelen. Ingefær skal gi energi og kickstarte forbrenningen. 



Frokost og lunsjen  min blei i dag appelsin, gulrot og ein håndfull mynte.



Det var faktisk ein veldig god juice som var frisk på smak .



Eg lagde ein middag og kveldsjuice med mykje grønnsaker i.

Den var ikkje så frisk da brokkolien har ein tendens til å ta over alt av smak på juicen.



Eg syns den første dagen har gått veldig bra. Eg er selvfølgelig sulten og har i dag lagt merke til at det er mykje matprogram på tv, for ikkje å snakke om reklamer som prøver å friste med alt mulig. 

Sulten er definitivt ikkje det værste, men det er skallebanken eg har hatt i nesten heile dag. Mulig det er varmen som påvirker meg i tillegg til at magen får lite å jobbe med. Eg anar ikkje korleis dei som fastar kun med vatn klarar det. Akkuratt no skulle eg ønske det fantes ein grønnsak eg kunne juice med stor smertestillende effekt på skallebank.  



Snacksen min i dag har vore vannmelon juice. Det var virkelig ein vinner på ein varm sommerdag og definitivt noko eg kommer til å lage fleire ganger. Den kan anbefales for alle. Søtt, friskt og godt !

Dei skriver rundt om på internett at det er dag to og tre som er det værste av ein tre dagers detox kur så eg er spent på morgondagen. 

Håper alle har ein fin dag ! 

Klem Miriam :-) 

 

#juice #detox #kosthold #helse

Juice-detox !!

Eg har bestemt meg for å utføre 3 dager med juice faste eller detox som det også blir omtalt som. Eg har fått ein del spørsmål om kvifor eg skal gjere det så her kjem litt fakta om faste og grunnen til at eg har bestemt meg for å gjennomføre det.

Å faste betyr å avstå og det finnes fleire måter å faste på, for eksempel :

  • Vannfaste som går ut på å kun drikke vatn og ikkje-energigivande urtedrikker. 
  • Juicefaste som går ut på å kun innta saften fra frukt og grønnsaker, eventuelt litt pure`av frukt og grønsaker.
  • Halvfaste som går ut på drikke juice og ete grønnsaker i tillegg.

Eg har bestemt meg for å teste juicefaste så dei tre neste dagane blir det kun juice, urtete og vatn på meg.

Kvifor juicefaste ? 

Faste bryter ned uønska bakteriar, hemmer virus, styrker immunforsvaret, øker utskillelsen av avfallstoffer, gir penare hud, økt energi og gir fordøyelsesorganene kvile slik at kroppen må utnytte energireservene sine. "Ein bringer kroppen tilbake til utgangspunktet".

Mange tar ein tre dagers juice faste for å kickstarte slankekuren, tømme kroppen for avfallstoffer etter lengre tids usunn livsstil, få fin hud eller for å få glansfullt hår. Ein har alle sine eigne grunnar til å velge å juicefaste. Eg personlig har veldig lyst på den ekstra energien det blir påstått at ein kan få av juice faste, men det som fikk meg til å virkelig ville prøve det var funnene til forskarar i California.

Dei har funne at det å faste for så lite som tre dagar kan restarte heile immunsystemet. Dei påstår at når ein fastar kick-startar ein stamcellene til å produsere nye kvite blodceller som bekjempar infeksjonar. Når ein fastar prøver systemet i kroppen å spare energi, ein av dei tingene ein da gjer er å resrirkulere mykje av immuncellene som ikkje er nødvendige og når ein begynner å ete igjen så lagar kroppen nye.



 Ernæringsfysiologer er skeptiske til detox da det ikkje finnes godkjent forskning som beviser at kroppen blir avgifta. Dei som sverger til juicing påstår at ved å skille dei uløselige fibrene og juicen fra kvarandre så blir tilgjengeligheten på vitaminer, mineralar, enzymer og antioksidantar lettare tilgjengelig for kroppen. Ernæringsfysiologer går i mot dette da dei meinar at mange av vitaminene er bundet fast i sjølve fibrene i grønnsakene.  Til godkjent forskning foreligger så må ein nesten velge sjølv kva ein vil tru på og kva ein ikkje vil tru på. Eg har bestemt meg for å teste fordi sjølv om eg ved enden på fasten ikkje merker nokon forskjell  så har eg ivertfall fått i meg mykje frukt og grønt.

Wish me luck !!

Klem Miriam :-) 

#detox #helse #ME #kosthold #juicing 

 

Sommer+sol=tipptopp !!

Denne helga har vore helt fantastisk. Norge er nydelig på  varme sommerdagar.



Lørdag køyrde me båt ut på ein holme. Der koste eg meg ei stund, mens dei andre dykka. 





Det føltes veldig greit å ligge på eit svaberg og dyppe tåfisen i sjøen, men når dykkarane forsvant under og eg var heilt aleine igjen sammen med Gizmo og ein haug innpåslitne geiter så kryssa eg fingrane for at eg har vært snill nok i år til at nokon gadd å plukke meg opp igjen . 





Heldigvis fikk eg bli med inn til land igjen når den tid kom. ;-)



Har og køyrd vannscooter i helga, det var artig det men det gjaldt å holde seg fast.



Det kjekkaste var å sitte på for når eg prøvde å køyre vingla me rundt ut på sjøen med full gass, full stopp, full gass full stopp osv......Bent meinte det mest urovekkande var at eg skreik kvar gang eg gav gass.....haha ! 



No er helga slutt og det er på tide å få i seg mengder med grønnsaker. Eg skulle jo prøve meg på juice faste forrige veke, men sidan eg reiste heim på besøk utsatte eg det til denne veka. Så no er det berre å sette i gang juice pressa.

Håper alle får ein kjempe fin dag !

Klem Miriam :-) 

 

Vink til ein fremmed !

Eg kom over dette bildet på internet og da lo eg godt, for da eg gikk på videregående gjorde me dette titt og stadig .


 (bildet lånt fra google) 


Har du nokon gang blitt vinka til utan at du har skjønt kven det var og så fundert på det resten av dagen ? 

Ha ein fin dag !!

Klem Miriam :-) 

Bildesabotasje og ei flott helg !! :-)

No er denne mandagen snart historie og eg har brukt den på å køyre bil. Planen var egentlig å gjere ferdig siste oppussingsrest i leiligheten denne veka, men så skulle Helene reise heim til Årdal sammen med tanteguten min Sindre så da var eg ganske rask til å endre planen. Eg kan jo ikkje la ein sjanse til å kose med Sindre forsvinne sidan han bur så langt vekke til vanlig. Så no sitter eg her og ventar på dei. Planen var å lage eit bildedryss fra helga, men så kom eg på at eg ikkje hadde så mange bilder fra helga for Bent fikk det for seg at det var veldig artig å drive med bilde sabotasje. Det var egentlig plagsomt, men bilderesultatene gjorde at det heile egentlig blei ganske morsomt . Bakdelen var at eg lo så mykje at eg gløymte heilt å fortsette å ta bilder. 



Det var hvertfall reker i fleng, sushi i lange baner og svidd creme brulee`.



Det var varmt og godt heile helga, så me fikk innvia den nymalte benken min og sitte ute til langt på natt. 

Eg elskar sommar !



Sidan eg hadde så få bilder får de bare ta ordet mitt på at me hadde ei knakandes kjekk helg ♥ 

No skal eg legge beina på bordet, sjå litt tv og høyre på regnet som pøsar ned på markisa utanfor. 

Klem Miriam :-) 

Gammal korg blir ny.

Eg har lenge leita etter ei stor korg som eg kan ha i hjørnet der sofaene møtes i stova. Eg har til no ikkje funne ei som eg syns var stor nok eller i rett farge,  men ein dag eg var heime fant eg igjen ei gammal korg etter bestemor. Den hadde perfekt størrelse og utsjånad, men absolutt feil farge. 



 Det er ikkje så enkelt å male sånne trådkorger da det er mange kriker og kroker som er vanskelig å komme til med malekosten, men det som er enkelt er å spraye. Eg gikk for fargen antikk kvit og vips så hadde den rett farge for meg.



Det som er viktig når ein brukar  spraylakk er å dekke til underlag og ha god klaring til ting rundt deg da sprayen reiser lengre enn du trur. Pass og på at det er vindstille ellers kan du ende opp med å fargelegge andre ting enn du hadde planlagt. 



Det kosta meg den nette sum av 98 kroner, ein kvit finger ( les: bruk hanskar) og eit døgn tørketid. No har eg ei korg som er perfekt til lagring av tepper, heklet mitt og andre ymse ting som tilfeldigvis dett oppi ho.




Klem Miriam :-)

#gjenbruk #diy 

I haven`t been this excited for friday since last friday !

Det er fredag og eg overlevde min første faste dag i går. Det gikk faktisk overraskande bra. Eg blei veldig svolten i sju tiden i går, men det var ikkje værre enn at det hjalp å gå ut og få tankane over på noko anna. I dag tidlig derimot var det værre. Eg våkna med skallebank og da eg gikk tur med hunden kjentes det ut som om eg hadde ti kilos vekter på beina. Heldigvis kunne det kurerast med eit knekkebrød ( tenk om alt kunne kurerast med knekkebrød♥  !).

I går var det sinnsjukt varmt og det blir veldig varmt både for tobeinte og firbeinte. Heldigvis er Gizmo glad i å bade så han får avkjølt seg i varmen. 



I dag kjem mamma og pappa på besøk. Det blir veldig kjekt. Sist dei var her var for å hjelpe til med oppussingen.Da blei det lite tid for kos så i helga skal me berre kose oss. No skal eg stryke skjorter før det blir å handle inn til sushi, biffsnadder ,reker,creme brulee` og anna snadder. Blir ikkje berre juice i helga for å sei det sånn ! Mulig det må bli jordbær og for alt eg drømte om i går var ferske jordbær.



Håpar alle får ein fin dag !!

Klem Miriam :-) 

Hallo i sommervarmen !

I dag er ein fin dag for i dag kjem mannen heim. Han jobbar vekke mandag til torsdag så torsdagar er alltid kjekke dagar. Han pleier alltid komme med eit stort smil og mange gode varme klemmar som eg alltid savnar når han er vekke.  Men eg har heldigvis andre ting å gjere på og enn å berre vente på han. Eg skreiv litt om juicefaste i går og det kjem eit innlegg seinare med litt fakta om det for dei som måtte være nysgjerrige. I dag har eg min første dag med kun drikke som næring. Eg skal kun drikke juice, te og vatn i heile dag, men det er ikkje før neste veke den virkelige ilddåpen kjem da eg skal faste i tre dagar (eller fem viss eg syns det går veldig bra). 



Dagen starta med en stor kopp varmt vatn med sitron og ingefær. Kan trygt sei at eg savna kaffikoppen min ja, men det går bedre enn forventa. Eg har til no drukke to juicar og har to igjen. Eg er fortsatt ved godt mot, men holder ein knapp på at kvelden kommer til å bli seig.



Juicen eg hadde til frokost inneholdt appelsin, sitron, gulrot, agurk, grønnkål, spinat og brokkoli. Den smakte i bunn og grunn brokkoli, men med ein ekstra dæsj sitron i så blei den faktisk ganske grei. Lunsj juicen inneholdt mykje det samme, men da med eple som den eine frukten eg har i kvar juice.  Til middag skal det bli ananas i juicen ,den er kjent for å kamuflere andre smaker så da håper eg det blir ein vinner.

No skal eg og hunden ut å nyte sommervarmen, Det er ikkje sol i dag og det er eg i grunn fornøgd med for det er jammen meg varmt nok ute viss ikkje sola skulle steikt i tillegg.

Håper alle har ein fin dag for det har eg !

Klem Miriam :-)

#juicefaste #detox 

 

 

Hei Hei !

De som har fulgt meg ei stund veit at det som står øverst på mi ønskeliste er meir energi. Energi til å gjere det eg vil når eg vil det. Eg har testa ganske mange ting dei siste årene og fleire skal det nok bli. No til dømes har eg  bestemt meg for å teste faste. Dette for å restarte immunforsvaret og gi kroppen ein sjanse til å kvitte seg med avfallstoffer. 



Det finnes mange typar faste alt fra dei heilt ekstreme til dei milde variantane. Eg har tenkt å prøve meg på ein mild variant, nemlig juicefaste. Det finnes mange måtar å gjere det på så ein må nesten finne sin eigen måte å gjere det på utfra dei retningslinjene som er helsemessig forsvarlige.



Eg har prøvesmakt på ein juice i kveld med spinat, eple, gulrot og sitron. Det smakar godt, men eg er ikkje overbevist om eg syns det smakar like godt når juice er alt eg får. Heldigvis skal eg ikkje faste i meir enn ein dag denne veka.  I morgo blir det juice, juice og enda meir juice. Wish me luck ! 

Håpar alle har hatt ein fin dag i dag for det har eg i sommarvarmen!

Klem Miriam :-) 

 

 

#juicefaste 

 

Vaskeklut fadese !

Dagen i dag har virkelig vore av den effektive sorten. Eg har fått vaska veldig mykje i leiligheten så no er den endelig tom for gipsstøv etter oppussingen som har foregått her dei siste månedene. Det var faktisk ein herlig følelse. Det tok ein halv time lengre enn beregna å vaske i dag da eg av ein eller annen grunn mista kluten eg vaska vindauget med ut og ned på busstoppen til dei som venta på bussen. Eg blei litt sånn i villrede der og da så eg satte meg rett og slett på huk og sneik meg ut av rommet. Eg turte ikkje sjå ut for å sjå om den traff nokon, men satte meg ned med ein kopp kaffi på verandaen i staden og venta på at bussen skulle gå. Etter ein halvtime sneik eg meg bort å såg ut glaset. Da hang kluten min på ei busk, det var ingen mennesker på busstoppen og eg kunne trygt fortsette med vaskingen min. Viss nokon som sto på busstoppen tilfeldigvis leser dette her så beklagar eg, eg pleier vanligvis ikkje å kaste blaute klutar på bussventande folk.



No har eg satt rompa godt ned i sofaen med eit stort glas med bringebær vatn. Eg har litt dilla på å smaksette vatn for tiden. For det første er vatn sunt og for det andre smakar det så uendelig mykje bedre med litt is og smak i. Mine favorittar for tiden er bringebær/sitron og fersken. Friskt og deilig. 

Håpar alle har hatt ein kjempe fin dag !

Klem Miriam :-)

 

Hej hej alla !! :-D

Det er veldig lenge sida det har vore ein oppdatering her fra meg, men det har eg no tenkt å snu på så fra no av kan du rekne med meg som tilbake her bak tastaturet og pc-skjermen. 



Håper alle har det bra og viss du vil så må du gjerne fortelle meg kva som er nytt med deg her i kommentarfeltet så eg får sjansen til å oppdatere meg ! :-) 

Klem Miriam :-) 

Gir fingeren til kaninene !

Dei siste vekene har vore ein smule utanom det vanlige. Eg har blitt kjent med nye mennesker som har vore til stor inspirasjon , nokon har vist meg at ting ikkje alltid er som det ser ut, nokon har lært meg å (eg siterar) " grow some balls" og andre har rett og slett vist meg at når livet gir ein fingeren må ein velge seg ein ny sti og finne det gode i det ein har igjen.  

Det eg absolutt må lære meg er å "ta livet som det faller seg" og tru du meg eg prøver. 

 

Å senke kravene til seg sjølv er utrulig vanskelig fordi ein lærer jo heile vegen at ein alltid skal yte sitt beste. No står eg på eit punkt der eg skal yte mitt nest beste. Så no gir eg offisielt fingeren til hybelkaniner og gir dei lov til å formeire seg som kaniner viss dei vil for hybelkaniner, rot, squats, blomstrande orkidear, perfekt utført yoga solhilsen og pyntegjenstandar på ei horisontal linje er ikkje det viktige i livet. 

Det viktigste er å ha litt energi til å nyte øyeblikk som når den du er glad i kjem heim med eit stort smil og forteller at han er glad i deg, drikke ein stor kopp kakao uten dårlig samvitighet og å kunne le sammen med venner. 

Ta livet som det faller seg !

Klem Miriam  :) 

 

Piiiiiiiiiiiiiiiiiiip.............



Pauseinnslag på bloggen. 

Ha ein fin dag !

Klem :) 

Lag din eigen iste !!

Iste er ein forfriskande drikk.  Eg er veldig glad i iste og på butikken har dei utallige versjonar av den drikken. Det dei ikkje har så mange versjonar av er den sukkerfrie varianten av iste. Istaden for å jakte på butikkane etter sukkerfri variant av iste har eg rett og slett begynt å lage min eigen. Det er billig, godt og ikkje minst SUNT !!



I denne oppskriften har eg valgt å bruke grønn te, men du kan bruke den smaken du ønsker.  Det er kun kreativiteten som stoppar deg.

Det du trenger er :

te, søtning av valgfri type ( vanlig sukker, stevia, sukrin, suketter osv....) ,

ein kjele til å koke vatn i og ein mugge til å oppbevare det ferdige produktet i.

Hugs å bruke nok te i forhold til vatnmengden. Helst litt for mykje enn for lite.



Kok opp ønsket mengde vatn i ein kjele, legg i teposane og la det trekke. Etter endt trekketid tar du ut teposane, søtar teen med ønsket mengde søtning og lar den avkjøle seg til romtemperatur før du heller den over i mugge og setter den i kjøleskapet.

Tips:  Les på tepakken slik at du brukar riktig temperatur på vatnet og trekker teen lenge nok og ikkje minst ,ikkje alt for lenge.  Grønn te blir til dømes  bitter viss den trekker for lenge. Du kan også bruke vannkokar og helle vatnet direkte i muggen sammen med teen.  Hugs da at du må ha ein mugge som tåler så høg temperatur.



Når teen er avkjølt kan du servere den med isbitar til deg sjølv eller til nokon du er glad i.

Tips:  Del ein halv sitron og legg i muggen for ein friskare variant.



ENJOY !!

Klem Miriam :) 

 

 #oppskrifter #

Stikkord:

Sashimi og dårlig humor !

I går var eg så heldig å få være med disse to karane ut på middag.



Me var på matbørsen og koste oss.  På meg blei det sashimi noko som var veldig godt.



Middagen i dag såg langt ifra så fancy ut, men det skal vel godt la seg gjere når det er eg som står for kokkeleringen. :-)

Dagen i dag har vore ein ekstremt vanlig kvardag bortsett fra at eg har funne ut at eg har særs dårlig humor.

Såg dette bildet på facebook i dag og eg lo høgt og lenge for meg sjølv !!



Vel vel....

Ha ein fin kveld !

Klem Miriam :) 

 

 

Plastdings stalker !!!!!

I dag holdt eg på å få hjerteinfarkt av irritasjon når eg støvsugde og oppdaga denne plastdingsen på golvet.  



Den har eg av ein eller annan merkelig grunn plukka opp fra golvet eit dusin ganger.  Kvar gang er eg midt i støvsugingen og legger den fra meg på nærmaste høge punkt med plan om å kaste den. Det har eg tydeligvis ikkje gjort for neste gang eg støvsuger så ligger den på golvet ....IGJEN !!

Forrige gang eg støvsugde anklagde eg mannen for å drive gjøn med meg. Eg anklagde han for å legge ut plastdingsar på golvet .  Han skjønte egentlig ikkje kva eg anklagde han for og lurte på om eg var blitt spinn hakka gal. Ja sa eg, eg er klin hakka gal irritert på denne plastdingsen !!!  Eg er bombesikker, ja egentlig meir enn bombesikker på at eg gikk på kjøkkenet og kasta den plastdingsen i bossbøtta. Grunnen til at eg er så sikker er fordi eg konstaterte høgt og tydelig at eg endelig skulle slippe å sjå denne plast dingsen igjen.  Eg hadde faktisk gløymt denne plastdingsen heilt til den dukka opp igjen i dag.  Eg måtte faktisk ta i den for å sjekke om eg ikkje berre såg syner. 

Eg har no kasta den IGJEN. Enten driver mannen gjøn med meg, det finnes eit spøkelse i leiligheten som driver gjøn med meg ellers så blir eg rett og slett forfulgt av denne plastdingsen. Forfulgt eller ikkje i dag skal eg personlig bære den ut i bossdunken, låse døra etter meg og be ein bønn om at den aldri dukker opp igjen for ingenting har irritert meg så mykje som denne plastdingsen.

Mulig eg ikkje hadde vært så irritert hadde eg visst kva denne plastdingsen var, men no finner eg aldri ut av det for no er den LONG GONE !!!

Punktum finale dot com.

Klem Miriam ;)  

I`m the champion !!

Dagen i dag har gått forferdelig sakte. Den burde egentlig ikkje ha gjort det for det har skjedd ting i heile dag, men allikevel føles det som om klokka burde vært langt på natt. Mulig det har ein sammenheng med at eg sto opp før resten av verden i dag.  



Det som skjer når ein står opp for tidlig er at luftetur nummer to med hunden foregår sammen med morgentrimmen til pensjonistane. Det er kjekt å småprate, men når du småprater med gamle damer for fjerde gang på ein kilometer om hunden så begynnar smilet å bli ein smule stivt.  Det som derimot er eit stort pluss med å legge trimturen på samme tidspunkt som pensjonistane er at ein føler seg merkverdig sprek. Ein blir nemlig ikkje forbigått av spreke damer med svingande hestehale. På den tiden av døgnet er eg den spreke dama som går forbi. Rullatorgjengen kan berre gå og legge seg...eg var først !!!!

YEAH !!!  ;-)

( litt galgenhumor er det lov å ha ) 

Til middag i dag blei det noko som var fasinerande godt til å være så enkelt.  Kyllingfilet stappa med krydderost for så å bli inntulla i bacon.  Da har ein saus innbakt i kyllingen.

Enkelt og genialt.



 Etter å ha fått gjort både ditt og datt i dag så setter eg meg no i sofaen med beina under pelspleddet.  Har laga meg litt "godis" på en tirsdag som eg no har tenkt å kose meg med sammen med hunden på fanget og ei varm hand å halde i.

Ønsker alle ein fin tirsdags kveld !!

Klem Miriam :) 

Dagens good morning sunshine outfit !

Du veit du har sovet for lite og stått opp alt for tidlig når du luftar hunden slik. 



Eg reknar med "godt dratt opp på leggen svart tights", oransje sko og rosa hello kitty sokkar er  å sjå på catwalken neste år.

Berre hugs at eg var først ute !!!

Ha ein super duper dag !!!

Klem Miriam :) 

Høstsol i dag og :)

Gårsdagen blei brukt på å innhente energi.  Det er egentlig forferdelig kjedelig og kan ta humøret fra kvar og ein. Eg hadde egentlig mest lyst til å gå rundt Olsvik i går, men når det var for mykje forlangt å dusje så kunne eg vel ikkje forvente av kroppen at den skulle klare seks kilometer i joggesko. Bent prøvde å muntre meg opp med litt hjerter på middagstallerkenen og eg elskar han for at han prøver.





I dag har eg trossa muskelsmerter og traska meg ein lengre tur.  Eg veit eg kjem til å angre på at eg er så sta i morgo, men akkuratt no lever eg i nuet.  

 



Det var rimelig tåkete i dag tidlig, men når eg kom meg ut på tur glitra sola fra blå himmel.  Det har vore nokon fine dagar i det siste og det føles ganske deilig at eg har klart å være ute og nyte så mange av dei. 

Ønsker alle ein fin mandagskveld !

Klem Miriam :) 

Om du lämnade mig nu !!

I går når eg var ute på tur fant eg ei fjær som låg å glitra så fint i høstsola. Den fikk meg av ein eller annen grunn til å tenke på ein sang av Lars Winnerbäck.  Den har eg nynna på siden i går kveld så tenkte det passa fint å dele den her sammen med bildet eg tok av den.

 



Om du lämnade mig nu 

jag skulle vakna mitt i natten
och gå upp och ta en långpromenad
jag skulle låta blicken möta andra ögon
i en främmande stad
jag skulle inte ha så bråttom
med att träffa nån ny
jag har rätt mycket med mig själv
precis som du
jag skulle andas i det tomrum som blev över
om du lämnade mig nu

jag skulle sitta på ett tåg mot Paris
och låta Stockholm va
jag skulle få den tiden över för mig själv
som jag sagt att jag vill ha
jag skulle unna mig att drömma
hundra mil genom Europa
om en främling
lika tillitsfull som du
jag skulle pröva mina läppar mot nån annan
om du lämnade mig nu

jag skulle kunna leva utan den där blicken
som får mig ur balans
jag skulle sakna den där stunden som vi har
när vi till slut har blivit'sams
jag kanske skulle söka upp
kontakter som jag tappat
som jag varit med
förut nånstans
jag antar det finns nån du skulle ringa
om jag inte fanns

jag kanske skulle leta upp nån yngre
som en fjäder i hatten
det skulle bli för tomt om ingen fanns där
som värmde mig i natten
men jag skulle aldrig ha tålamod nog
att bli förstådd
ingen känner mig
så väl som du
jag skulle fastna i min ensamhet igen
om du lämnade mig nu

 

Med det ønsker eg alle ein fin søndagskveld !!

Klem Miriam :) 

 

#Foto

Kast eit eple - bli gift !!

Eg har ein tendens til å sitte på pc`n og trykke. Eg startar på ei nettside og trykker meg videre og videre på link etter link.  På denne måten havner ein innom ein del nettsider. I dag mens eg satt her og trykkte kom eg over ein faktasetning som fikk meg til å tenke litt. Det sto at i antikkens Hellas kunne ein fri til ei kvinne ved å kaste eit eple til ho. Tok denne kvinnen i mot eplet betydde det ja. I antikken var det altså reaksjonsevnen som bestemte om ein blei gift eller ei. 

Det er jo ofte sånn at når nokon kastar ting på deg eller mot deg så reagerer ein. Enten tar ein i mot eller så dukkar ein. I antikken når mannen kom for å kaste eplet var det da planlagt eller dukka han berre plutselig opp. Viss det ikkje var planlagt måtte vel gifteklare damer ha auger i nakken for å alltid kunne speide etter drømmemannen med eplet i handa. Dette fordi viss drømmemannen kasta eit eple på dei hadde dei vel lyst til å reagere kjapt for å kunne ta i mot eplet. 

Ein del mennesker har ein tendens til å dukke uansett kva som blir kasta mot ein.  Tenk på dei damene da, dei blei vel aldri gift. Dei dukka jo kvar gang ein stakkars sjel prøvde å fri. Ein annen type damer som neppe blei gift ved uplanlagt eplekasting er sånne som meg som konstant går i andre tankar. Dei følger sjelden med på kva som foregår rundt seg.  Dei damene fikk vel eplet i panna når ein mann prøvde seg.  Viss ein no antar at ein ikkje behøvde å ta i mot eplet med hendene, men at det berre måtte berøre dama så blei vel dei damene gift med den første og beste mannen som prøvde seg. Dei gikk vel til alters med kul i panna mens dei fortsatt lurte på kva som egentlig skjedde.  

Eg skal ærlig innrømme at eg er glad for at den skikken ikkje har overlevd generasjon etter generasjon og spredd seg for da måtte eg gått rundt her og brukt søndagen min på å passe meg for epler som kunne komme susande gjennom rommet.  Istaden kan eg drikke kaffi og satse på at mannen ikkje leser dette !! 

Klem Miriam :) 

Fiiiiiiiiine høstdagen :)

I dag sto eg opp alt for tidlig for å være lørdag. Det er kun ein positiv ting ved å stå opp tidlig på ein lørdag og det er at ein får ganske så mykje ut av dagen.  Eg starta dagen med å prøvebake eit nytt brett av kanelpølsene mine. I dag blei dei faktisk veldig mykje bedre enn i går og det beste av alt er at eg hadde nybakt niste å ha med ut på tur.



Mens kanelpølsene mine blei avkjølt var det frokosttid. Det er ganske så kjedelig når det kjem til kva eg et. Egg, egg og egg i alle variantar. I dag blautkokt,men dei er faktisk ekstra kjekke å ete når ein eter dei sammen med den ein er glad i . Når frokosten var inntattt satte me oss i bilen for å finne ein fin fiskeplass. Det blei ein smule langt, men gjorde ingenting hverken for oss eller Gizmo. Han er nemlig rimelig fornøgd med å få henge ut av takluka når det er mulighet for det.



Me havna til slutt på Radøy og det under ei stor bru.



Ganske så fint til å være så nærme trafikkert veg.



Det var eit fantastisk høstvær i dag.















Det blei til og med fisk.  Bent fikk ei pale mens eg klarte å dra opp ein del tang og tare MEN og ein pitteliten fisk som fikk navnet Gunnar. Han var så liten så han kasta eg ut igjen for å leve videre med sitt lille Gunnar liv på Radøy.

Når ein først er på tur er det viktig med ein liten piknik.





Avslutta utflukten med ein tur på Ikea. Skooppbevaring til Astrid, lampe til meg ooooog eit nytt oransje element til kjøkkenet.

Oh joy !!!! :)



Heilt til slutt i kveld tok me å avslutta grillsesongen med ein godt grilla hamburger.

Det er tross alt lørdag og sol !!!

Klem Miriam :) 

 



 

Datenight og kanelbollepølser !

Fredagen er over og den har innfridd som ein ganske så flott fredag.  Sola har skint fra blå himmel i dag. Ein merkar at det er høst og trenger eit godt ullskjerf i halsen, men når ein står midt i solsteiken er det fantastisk deilig. Eg tok meg sjølv i å sparke borti løv berre for å få dei til flyte i lufta som eit fargesprakande eventyr i sola. Herlig å lufte hunden i sånt vær. Må det vare lenge. 

Ellers har eg testbaka kanelboller idag. Ikkje eter eg sukker og ikkje eter eg kveitemjøl men det stoppar meg ikkje fra å ha lyst på kanelbollar så da er det berre å sette i gang å trikse og mikse. Har testa eit par oppskrifter fra nettet men dei smakar enten mandler eller kokos så her trengs det eksperimentering. Min første testbaking i dag viste seg å inneholde alt for lite kanel og smør. Dei blei dessuten heller ikkje runde så ein kan vel kanskje sei at eg har bakt kanelbollepølser i dag. 

Men dei smakte ikkje så aller værst så eit par testrunder til så tenker eg at eg skal få til ein velsmakende bolleerstatning. Merkar eg gledar meg allerede. 



Dagen i dag har blitt avslutta med kino. Det blir alt for ofte like dagar der ein tar sambuaren for gitt. Av og til er det viktig å fokusere kun på kvarandre og kose seg i kvarandre sitt selskap. Det har me gjort i kveld og det var skikkelig kjekt.  



I morgo blir det fisketur og ikea.  Meget god kombinasjon !!

Klem Miriam :) 

Les mer i arkivet » Juli 2014 » November 2013 » Oktober 2013
Miriam

Miriam

28, Årdal

Dette er ein blogg om meg og mitt. Eg har dilla på lilla og prøver å sjå livet fra den lyse sida. Legg meg gjerne til som venn ! :)






INSTAGRAM
Vil du ha bildet ditt her tagg bildet ditt #miriceci og voilà !











Katten Festus



Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits